Akkreditering av studieprogram

Master- og PhD-studiane i rettsvitskap vart reviderte, og godkjende av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) i 2008 som dei til no einaste av studieprogramma ved fakultetet.

Revisjon av rettsvitskapen

Styret i NOKUT vedtok 31. januar 2008 at master- og PhD-studiet i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo fyller dei faglege krava til akkreditering. Den sakkunnige komiteen kom likevel med fleire tilrådingar i rapporten sin. Desse har Universitetet i Oslo og Det juridiske fakultet sett i verk tiltak for å følgje opp.


Dokument og annan informasjon som gjeld revisjonen av master- og PhD-studiar ved dei tre juridiske fakulteta i Noreg finst på ei eiga nettside hjå NOKUT.

Revisjon av andre studieprogram

Det er ikkje varsla revisjon av fleire studieprogram ved Det juridiske fakultet. Sidan Universitetet i Oslo er ein akkreditert institusjon, har vi rett til å opprette studieprogram på alle nivå utan at desse må godkjennast av NOKUT i førehand.

For ansatte 

Dokumenter og nettsider fra revisjonsprosessen

Publisert 10. nov. 2009 15:16 - Sist endra 8. des. 2020 12:29