Asbjørn Eide: Det byrja med ein tale

Det byrja med ein tale. Og heldt fram med følgjande utsegn: "Det vil etter vår meining være ønskeleg å opprette eit eige institutt i Noreg for arbeidet med menneskerettsspørsmåla, særleg med forskingsoppgåvene, men også med visse sider av undervisnings- og informasjonsoppgåvene".

Asbjørn Eide

Slik skreiv Asbjørn Eide (bildet), Jan Helgesen og Torkel Opsahl i NOU 1981:43 –Menneskerettar. Denne utredninga dannar fundamentet for det som i dag blir kalla Norsk senter for menneskerettar.

Men talen kom først, nærmare bestemt 22. mai 1977, da Jimmy Carter, president i USA, besøkte det uavhengige Notre-Dame-universitetet i Indiana. Her lanserte han ei ny linje i amerikansk utanrikspolitikk, der ein ville leggje større vekt på dei høgaste amerikanske ideala, og gå inn for å kjempe mot rasisme og for å realisere menneskerettane.

Dette var innleiinga til ein kort internasjonal politisk fase der avspenning og dialog var i sentrum, og det same var vernet av dei universelle rettane. Den norske regjeringa følgde opp same år, med ei stortingsmelding om ulike verkemiddel for å styrke vernet om menneskerettane. Meldinga var elles delvis basert på ein annen NOU, Det internasjonale menneskerettighetsvern (NOU 1977:23), skriven av Asbjørn Eide, med hjelp frå Jan Helgesen og Aslak Leesland.
Det norske menneskerettsprosjektet var ei direkte oppfølging av stortingsmeldinga. Det første synlege resultatet av dette prosjektet var NOU-en frå1981.

– Det er ikkje tvil om at dåverande utanriksminister Knut Frydenlund spilte ei avgjerande rolle for at vi kunne gjennomføre det grunnleggjande arbeidet i åra 1977 – 81, seier Asbjørn Eide i dag.

Men 1981 hadde meir enn ein NOU å by på – same år fikk vi også ei rein Høgre-regjering, og Utanriksdepartementets nye leiing var ikkje like interessert i å realisere menneskerettsprosjektet. Med Jimmy Carter ute og Ronald Reagan inne i Det kvite huset i USA, var ikkje menneskerettar like høgt på den politiske agendaen verken her eller der.
Trass i det endra politiske klimaet, heldt menneskerettsprosjektet stand. Tidsskrift for menneskerettar blei etablert, og skulle i åra som kom bli ein viktig rekrutteringskanal for fleire av dagens menneskerettsaktivistar og -forskarar. Det er likevel påfallande å sjå at Knut Frydenlund måtte tilbake på utanriksministertaburetten før prosjektet fikk midlar som gjorde at det kunne bli til eit institutt. Gjennombrotet kom hausten 1986, med ei statleg løyving via Forskingsrådet. I midten av januar 1987 kunne instituttet formelt opnast. Det var eit stort skår i gleda at Knut Frydelund uventa gjekk bort berre dagar før sjølve opninga. Det var dermed etterfølgjaren hans, Thorvald Stoltenberg, som opna instituttet.

– Opninga i 1987 var eit gjennombrot, fortel Asbjørn Eide. – Men vi måtte framleis leve med fleire usikre faktorar. Blant anna var det ikkje gitt kva slags organisasjonsform det nye instituttet skulle ha. Vi drøfta fleire mulige løysingar, bl.a. ei varig, fri stilling under Forskingsrådet, samling av NUPI, PRIO og vårt institutt og det som til slutt blei løysinga: Tilknyting til Universitetet i Oslo (UiO).

– Og det var ei heldig løysing?

– Det fanst argument for og imot. Eg trur nok det er riktig å seie at det utslagsgjevande var den sterke forskingsprofilen instituttet etter kvart skapte seg, i kombinasjon med statleg universitets- og forskingspolitikk, der ønsket var å samle mest mulig forsking under universiteta. Til å byrje med var vi organisert direkte under Kollegiet, men så blei vi, som eit resultat av intern universitetspolitikk, lagt under eit av fakulteta. Og då var Det juridiske fakultetet den naturlege løysinga.

–Har universitetstilknytinga påverka utviklinga av det som frå 2003 heiter Norsk senter for menneskerettar?

–Forskingsfokuset er sterkt. Til tider dukkar spørsmålet om individuell oppfølging (SMR har ikkje mandat til å arbeide med enkeltsaker) opp. Og ei meir aktivistisk linje blir etterlyst. Men det finst gode argument for at SMR har si eiga, unike rolle å spille. Vi har ei rekkje ombod  som tar for seg individuelle problemstillingar, og vi har fleire aktive og tydelege NGO-ar som arbeider aktivistisk. Eit forskingsorientert menneskerettssenter sikrar ein fagleg standard som også kjem omboda og NGO-ane til gode, seier Eide.

Som fortsetter med å framheve at senteret, i sitt tjuande år, også har behaldt sin eigenart innan universitetssystemet:

–Då vi starta i 1980-åra, var det bl.a. med tanke på å utdanne ekspertar til internasjonalt arbeid. Når vi ser kor stor del av senteret som i dag dreier seg om det  internasjonale program- og dialogarbeidet, er det all grunn til å hevde at vi har oppfylt fleire av dei internasjonale måla våre, og etablert senteret som ein internasjonal ressurs. Tenk på våre eigne forskarar som jobbar internasjonalt, og tenk på gjesteforskarane som kjem hit, i tilknyting til eit av programma. Det faktum at dette systemet har fått utvikle seg og blomstre under UiO-paraplyen er ein indikasjon på kor fleksibelt systemet kan være, seier Asbjørn Eide.

Som etter mange år først som leiar for Institutt for menneskerettar og deretter som seniorforskar ved senteret no er ein deltakande pensjonist. Med gjesteprofessorat i Lund, internasjonale forelesningsoppdrag og base i senteret han første gong skildra for tretti år sidan, og var med på å opne ti år seinare.

 

Av Christian Boe Astrup
Publisert 22. okt. 2009 13:07 - Sist endret 18. apr. 2011 13:44