Nils Butenschøn: Frå institutt til senter

Då Institutt for menneskerettar (IMR) ved årsskiftet 2002/2003 blei til Norsk senter for menneskerettar (SMR) var det på mange måtar avslutninga på ein prosess som hadde pågått i fleire år. Statsvitaren Nils Butenschøn (bildet) står helt sentralt i denne prosessen. Han blei oppnemnt som styremedlem i 1996, som representant for Det samfunnsvitskapelege fakultet, og tok til som instituttets direktør etter Asbjørn Eide 1. januar 1998. Oppgåva var klar:

Nils Butenschøn

–Senteret, eller instituttet, var den gang direkte plassert under Kollegiet (det noverande Universitetsstyret), og derfrå var mandatet tydeleg: Vi skulle styrke forskingsprofilen. I klartekst betydde det at vi hadde til oppgåve å knytte fleire aktive forskarar til instituttet. Problemet var bare at instituttet hadde ein heller uklar status: eit midlertidig senter under Kollegiet, utan garantert funksjonstid ut over år 2000.

Slik omtalar Nils Butenschøn, direktør ved SMR, ein sentral del av det oppdraget han tok på seg då han tok til i 1998.

– Det å gi instituttet ein fast status ved universitetet blei altså ei viktig oppgåve, ikkje minst dersom vi skulle styrke forskingsprofilen, seier Butenschøn. Basert på ei nordisk evaluering av IMR i 1999, bestemte Kollegiet at vi skulle bli eit fast tverrfagleg senter, administrativt lagt under Det juridiske fakultetet. Denne ordninga kom til i 2002. Men like viktig som universitetsrolla vår var vår vidare rolle i samfunnet og internasjonalt. I denne samanhang arbeidde vi nært med myndigheitene for å sikre at arbeidet med å fremje menneskerettane heime og ute var langsiktig.

– I mai 1999 vedtok Stortinget Menneskerettslova, som inkorporerer sentrale menneskerettskonvensjonar i norsk rett, og i desember la regjeringa frem sin handlingsplan for menneskerettar (Stortingsmelding 21 (1999-2000)). Saman representerte desse tiltaka eit viktig politisk gjennombrot for ei meir forpliktande haldning frå norske myndigheiters side til dei internasjonale menneskerettane. I samband med behandlinga av Menneskerettslova ba Stortinget Regjeringa om å leggje fram ein overordna handlingsplan for kompetanseutvikling og informasjon om menneskerettar. Vårt institutt blei allereie då peikt ut som ein institusjon med eit særleg ansvar for dette arbeidet. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet fikk oppgåva med å utarbeide denne planen, som i sin tur blei innarbeidd i Regjeringa sin generelle handlingsplan for menneskerettar.
Sett frå instituttets side var det viktigaste enkelttiltaket i handlingsplanen at ein ønska å gi instituttet status som nasjonal institusjon (NI) for menneskerettar frå 2001.Det skjedde då også, i Kgl. Resolusjon i september 2001.

I løpet av tre år hadde instituttet endra seg frå prosjekt til institusjon. Samtidig hadde instituttet inngått langsiktige avtalar med Utanriksdepartementet og NORAD, som i tillegg til program/prosjekt-aktivitetar også hadde eit forskingsperspektiv. Tanken på å gjere instituttet om til eit senter melde seg:

– Skiftet kom primært fordi vi ønska at namnet skulle rime med vår formelle status som eit tverrfagleg universitetssenter. Hugs at vi har styrerepresentasjon frå fleire fakultet og andre eksterne miljø – i motsetnad til dei disiplinbaserte institutta, seier Butenschøn, som heller ikkje meiner at eit ”senter” her er ein mindre akademisk profil enn eit ”institutt”.

– Etter fire år som Nasjonal institusjon tar senteret framleis ikkje individuelle klager. Det gjør institusjonen ganske unik i internasjonal samanhang. Eit problem?

–Det er relevant å spørje om vi fungerer optimalt som nasjonal institusjon. Men ein institusjon som behandlar klager har ein helt annen karakter enn vår. Dessutan har vi allereie ein mangfaldig og godt utbygd ombodsstruktur her i landet. Det som er viktig, er å få løfta menneskerettsfeltet opp der avgjerdene blir tekne: Å synleggjøre og styrke det i politikk, forvaltning og forsking. Dette krev fagleg balanse og truverd. Det vi trengte i 2001 og framleis treng er ein sterk, forskingsbasert institusjon som kan byggje nasjonal kompetanse og verke som eit korrektiv til myndigheitene.

Samtidig meiner Butenschøn at det er viktig å halde fast ved at senteret også skal være synleg i det offentlege ordskiftet. Her møter det forskingsbaserte senteret utfordringar, både med omsyn til språkbruk, formidlingsevne og -vilje.

–Åra rundt etableringa av Nasjonal institusjon var ei svært ekspansiv tid. Enkelte meinte at SMR vaks for raskt …?

– Det var heilt klart at vi måtte ha nye folk til nye felt og nye arbeidsoppgåver. Så må ein også huske at menneskerettar stod høgt på den politiske dagsorden i desse åra. Slik sett var vi heldige. I noen grad blei vegen til medan vi gjekk, samtidig som vi nok var litt overraska over at gjennomslaget vi fikk blei såpass breitt og omfattande. Tidene har endra seg, og no er senteret inne i ein annan og konsoliderande fase. Sett over tid synest eg bildet blir ganske balansert, seier Nils Butenschøn.

 

Av Christian Boe Astrup
Publisert 22. okt. 2009 13:07 - Sist endret 18. apr. 2011 13:46