Organisasjon

Norsk senter for menneskerettar (SMR) er eit tverrfagleg senter ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo.

Norsk senter for menneskerettar (SMR) har som må å bidra til at dei internasjonalt vedtekne menneskerettane blir realiserte. Dette skal skje gjennom forsking, utdanning, og operativt, internasjonalt orientert menneskerettarbeid. 

Forsking

SMR er tverrfagleg. Det inneber at senteret har forskarar frå ei rekkje fagområde. Dette kjem av at vi erkjenner at menneskerettane ikkje berre er filosofi, eller jus, eller politikk, og at det nettopp er i samspelet mellom dei ulike disiplinane vi kan søkje og finne spennande konstellasjonar og resultat.

I 2012 blei det utarbeidd ei bibliografi over bøker og skrifter dei første 25 åra. Senteret utgjer også eit fagfellevurdert tidsskrift Nordic Journal for Human Rights

Utdanning

SMR sitt viktigaste utdanningstilbod er knytt til Masterprogrammet Master of Philosophy in the Theory and Practice of Human Rights. Dette er eit toårig program som tar inn nye studentar anna kvart år. SMR tilbyr i tillegg ei rekkje etterutdanningskurs for ulike profesjonsgrupper, i tillegg til at senteret tilbyr undervisning i eit internasjonalt perspektiv på dei internasjonale programma. 

Senteret deltar også med eit eget kurs ved UiO's internasjonale sommerskule,
Kvart år arrangerer senteret eit vekelangt intensivkurs i menneskerettar.
Senterets vitskapelege stab er tverrfagleg, og foreleser med jamne mellomrom ved ulike fakultet ved UiO.
I tillegg er senteret med på å forvalte ulike stipend, blant anna i samarbeid med Institusjonen Fritt Ord og presseorganisasjonane.

Internasjonal Avdeling

Senteret har ein egen Internasjonal Avdeling som koordinerar det internasjonale, operative arbeidet som mellom anna er finansiert gjennom ei rammeavtale med Utanriksdepartementet.

 

Publisert 26. okt. 2009 13:29 - Sist endret 24. jan. 2023 08:01