I løpet av dei siste to tiåra har økonomiske, sosiale og kulturelle rettar fått større merksemd og blitt stadig viktigare. Trass i dette er både systembasert fattigdom og diskriminering framleis svært utbredt. Utfordringane er enorme, og det er eit konstant behov for å undersøkje korleis desse rettane best kan bli trygga.
Programmet bygde vidare på dei lange tradisjonane som finst ved Senter for menneskerettar, for å forske på og formidle kor viktige dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane er.