Prosess og strafferett i ny drakt

Våren 2024 blir JUS4211 – Prosess og strafferett til to nye emner med ny vurderingsform. Maria Astrup Hjort og Morten Nadim har stor tru på det ferske opplegget og gler seg til å komme i gang. 

Bildet kan inneholde: smil, vindu, stående, fritid, komfort.

Maria Astrup Hjort og Morten Nadim gler seg til å komme i gang med eit nytt og betre sjuande semester rettsvitskap. Foto: Sigrun Sæbø Åland

Endringa har vore etterspurd lenge. Sjuande semesteret på rettsvitskap er tungt, og mange studentar ender med å måtte ta eksamen på nytt. Etter grundig evaluering er endringane no klare til å prøvast ut. Våren 2024 kan studentane for fyrste gong melde seg opp til JUS4212 og JUS4213.

- Vi fann ut at den beste løysinga var å dele opp JUS4211 i to emner slik at sivilprosess blir eit eige emne og strafferett og straffeprosess blir eit eige emne. Då får ein litt meir fleksibilitet om ein treng det og så blir det heile kanskje litt meir handterbart, seier Astrup Hjort.

Ein hypotetisk prosess

Endringa medfører at eksamenane vil famne mindre innhald kvar. Håpet er at dette skal få semesteret til å kjennast meir overkommeleg. Og medan JUS4213 - strafferett og straffeprosess avsluttast med skuleeksamen som tidlegare, er det i JUS4212 – sivilprosess, dei største endringane ligg. Astrup Hjort og Nadim fortel at dei har tenkt heilt nytt og at dette har gitt dei moglegheit til å legge opp til ei meir praksisnær undervisingsform.

- Vi tenkjer ikkje at studentane skal lære heilt andre ting enn før, men dei skal lære på ein meir praksisnær og prosessorientert måte. Undervisinga legg opp til at studentane skal følgje ei hypotetisk sak, så dei får prøvd seg som advokatfullmektigar og dommarar, og får sett prosessen frå forskjellige sider. I ei veke blir det saksførebuing, i neste veke hovudforhandling og i veka deretter doms- eller kjennelsesskriving. På denne måten trur vi det vil vere lettare for studentane å komme inn i faget, seier Nadim. 

Munnleg eksamen

Den hypotetiske saka kurset byggjer på er grunnlaget for eksamen. Eksamen vil bestå av fleire delar med både skriftlege og munnlege innslag. Dette blir sett saman til ei mappe-evaluering som avsluttast med munnleg eksamen. På denne måten får studentane jobba aktivt med eksamen gjennom heile kurset. Den avsluttande munnlege eksamenen er kanskje ekstra spennande.

- Denne avsluttande munnlege prosedyren trur eg studentane kan glede seg særskilt til. Det vil vere veldig nær røynda. Samstundes får studentane høve til å øve på prosedyren og få tilbakemeldingar gjennom semesteret. Såleis blir det ein veldig godt førebudd munnleg eksamen, legg Nadim til.

Gode tilbakemeldingar

Undervegs i evalueringsprosessen har ferdigutdanna juristar blitt kontakta. Den nye ordninga krev eksterne sensorar, og mange har lyst til å stille opp.

- Tilbakemeldinga på det nye undervisings- og eksamensopplegget frå ferdigutdanna juristar i arbeidslivet er kjempegod. Dei synast det virkar fornuftig og spennande, seier Astrup Hjort.

Ein annan fordel verdt å trekkje fram med det nye opplegget er at studentane kan besøke Oslo Tingrett i løpet av semesteret. Her kan dei høyre på nokre bestemte saker og få høve til å snakke med dommaren i før- eller etterkant.

- Vi har høyrt frå mange studentar at dei etter fullført studium ikkje har vore i ein rettssal eller domstol ein einaste gong. Så her skal dei få opplevinga av korleis dette funkar i røynda, legg Astrup Hjort til.

Publisert 1. nov. 2023 11:56 - Sist endret 1. nov. 2023 12:01