Er du den nye studentrepresentanten i fakultetsstyret?

Du kan foreslå deg sjølv, eller ein medstudent du meiner vil gjere ein god jobb som representant for studentane i fakultetsstyret.

Teikning med ei hand som legg stemmesetel i ei valurne.

Val av studentrepresentantar til fakultetsstyret for perioden 01.01.22-31.12.23

Studentane har tre representantar i fakultetsstyret. Ein av desse må vera uavhengig av Juridisk studentutval (JSU). Det er dette vervet det no skal veljast til, og representanten skal veljast av studentane. Attval av ein eller fleire av dagens representantar er mogleg.

Alle studentar som er semesterregistrert ved Det juridiske fakultetet, og som ikkje allereie har verv i JSU, er valgbare.

Kandidatforslag:

Før valet, må studentane føreslå kandidatar. Alle studentar med stemmerett kan framme forslag. Kandidatforslag sender du skriftleg til valstyret. Dersom forslaget inneheld fleire kandidatar, må forslaget innehalde underskrift av minst éin person for kvar kandidat.

Frist for forslag til kandidatar er 6. februar 2023. Forslag sendes til sekretæren i valstyret Andreas Mobråthen.

Valet blir gjennomført elektronisk 13. februar til 20. februar 2023.

Publisert 23. jan. 2023 11:06 - Sist endret 23. jan. 2023 11:08