Reisebrev fra Barcelona

Barcelona er Spanias nest største by og hovudstaden i Katalonia. Det er ein europeisk storby med tilhøyrande liv. Byen har ein overflod av kafear, barar, nattklubbar, konsertar, utstillingar og sjølvsagt mange fotballkampar.

ESADE, Foto: privat

Byen har og ei strandlinje på kring 5 km som ligg meir eller mindre i sentrum av byen. Byen i seg sjølv er dimed ein grunn til å ville studere i Barcelona.

ESADE – Escuela Superior de Administración y Dirección de Empresas

ESADE er ein del av Universitetet Ramon Lull. Skulen er privat og er opphavleg ein sers anerkjend business og management- skule. Dei siste 20 åra har skulen og hatt eit juridisk fakultet, som ligg i utkanten av byen. Sjølv om det normalt sett ikkje er mange nordmenn som reiser på utveksling til dette juridiske fakultetet, er det eit internasjonalt miljø med kring 50 utvekslingsstudentar frå hovudsakleg Europa og Nord-Amerika.

Undervisning

Barcelona, Foto: privat

Undervisningsforma skil seg frå den vi er vand med frå Universitetet i Oslo. Kvart fag gir kring 5 ECTS, det vil seie at ein tek kring 7 fag per semester. Undervisninga blir heldt i relativt små klassar med 20-50 elevar. Oppmøte er obligatorisk og deltaking i klassen utgjer ein viktig del av den avsluttande karakteren. At undervisninga er så intens gjer og at du lett blir kjend både med dei andre utvekslingsstudentane og dei spanske elevane.

Dei to første vekene av semesteret kan studentane delta i dei fleste fag og deretter ta eit endeleg val om kva fag ho ønskjer å ta.

Språk

ESADE tilbyr fag både på spansk (castellano) og engelsk. Under haustsemesteret kan studentar som ikkje kan spansk finne nok fag til at ho kan fylle heile timeplanen. For å studere her under vårsemesteret må ein vanlegvis måtte ta dei fleste faga på spansk. Normalt sett blir det ikkje undervist på katalansk, om det er utvekslingsstudentar eller spanjolar i klassen, som ikkje kan katalansk.

Før skulestart (september/ februar) tilbyr skulen 14 dagar gratis språkkurs. Uansett om ein skal ha undervising på spansk eller ikkje tilrår eg å ta dette kurset. Barcelona er ein by, som er vand med turistar, men det er framleis mange som ikkje snakkar engelsk i det heile. Det er òg ein god moglegheit til å bli kjend med dei andre utvekslingsstudentane.

Om du har tenkt å ta fag på spansk er det lurt å snakke med Lånekassen om moglegheit til å få innvilga språkstipend for å ta ytterlegare språkkurs før skulestart.

Bustad

Barcelona, Foto: privat

Som student er det vanleg å bu i kollektiv. Det er mange tilbod og relativt lett å finne eit rom i eit kollektiv  eller ei heil leiligheit på nett (til dømes på pisocompartido.com, eller loquo.com). Problemet er at leiligheitene kan vere av varierande standard og dette er vanskeleg å finne ut av på førehand. Det kan difor vere greitt å reise til byen før undervisninga startar for å leite etter leiligheit. Prisnivået for både å bu og leve er vesentleg lågare enn Oslo.

 

Av Astrid
Publisert 25. okt. 2013 13:25 - Sist endret 21. aug. 2014 15:47