Hybrid undervisning

Hybrid undervisning kan ha forskjellige definisjonar ut frå kven ein er og kvar ein er. Men som eit utgangspunkt kan vi seia at det i si enklaste form er undervisning med deltakarar som er både fysisk og digitalt til stades, og der alle kan ha ein løpande dialog med lærar. For lokala våre vil det fungera best når læraren er til stades fysisk.

Planlegging

Det er viktig at du har tenkt godt igjennom korleis du vil gjennomføra undervisninga, slik at du er så godt førebudd som mogleg. Det kan vera lurt å gjera det så enkelt som mogleg den første gangen. Snakk med kollegaer som har erfaring med hybrid undervisning frå før.

Det viktigaste er at ein har testa på førehand, og gjort seg kjend med utstyret, programvara og romma som skal brukast.

Ta kontakt med it-hjelp@jus.uio.no så hjelper vi deg i gang.

Teknisk

Alle auditorium og undervisningsrom ved fakultetet (Jus) er sett opp slik at du kan bruka Zoom på den faste PC-en i rommet. Video og lyd er det same som for opptak, dvs eit kamera som har eit fast utsnitt av lærar/kateter og lyd frå mikrofonane i rommet.

Sjå eiga rettleiing for kvart rom, og test på førehand. Ønsker du bistand kan du ta kontakt med it-hjelp@jus.uio.no.

Programvare

Vi bruker Zoom for å få med studentar digitalt. Hugs at det ikkje er noko i vegen for å oppfordra studentar som sit fysisk i rommet til å bruka Zoom (dei må då berre hugsa å MUTA mikrofon og høgtalarar), då vil studentane som er med digitalt sjå dei som er fysisk tilstades og få ei kjensle av samhald.

Det å bruka chat i Zoom i ein slik undervisningssituasjon kan vera utfordrande. Mange brukar derfor Mentimeter. Dette er ei nettløysing, der ein kan lasta opp presentasjonen sin eller laga ein ny, og legga inn "slides" med spørsmål, som studentane kan svara på med smarttelefonar eller PC. Du kan velja enkle Ja/Nei spørsmål, flervalg eller tekstsvar. På denne måten vil du kunna gi det same tilbodet til dei i rommet, og dei som er med digitalt.

Undervisning

Tenk igjennom korleis du vil legga opp undervisninga, og kva du sjølv føler deg komfortabel med. Begynn gjerne enkelt, og heller legg på meir avanserte element etterkvart.

  • Korleis skal du ha dialog med studentane
  • Skal du ha heile forelesningen "live", eller skal delar/tema vera forhåndsinnspelt
  • Lik oppleving for studentar, både fysiske og digitale

Sjå kva andre har gjort og tenkt rundt dette: